Sakset fra Korsnes' slektssider på Internet:
"Immatrikulert ved Københavns universitet 2. okt. 1617 og fikk allereie ved kongebrev av 10. mar. 1619 tillating til å bli kapellan hos sin far som ein gunst han fekk fordi han hadde været trufast mot Noreg under krigen. I 1622 blei han, 26 år gammal, utnemnt til sokneprest til Bodø, eit av Nordlands største kald, så den kongelige gunst har han tydeligvis bevart. Han blei i 1641 tillike prost i Salten. Han var ein av de rikaste og mest framtredande prestar i Nordland på 1600-talet.Portrett henger i Bodin kyrkje, med påskrifta: «Natus 1596 Ætatis 58. Denatus 1666». På kyrkjegarden finnes ein nydelig utført og svært godt bevart gravstein med figurrelieff av hr. Hans, med følgjande underskrift: HER HVILER HER HANS LAURITSON BLIX. SOGNEHERRE TIL BAADE GIELD OCH PROWIST OFFVER SALTENS LEHN FØDT OCH BAAREN ANNO 1596 OCH I HERREN HENSOFFVET SALIGEN ANNO 1666. [Se Norsk Kunsthistorie I s. 366 og 381.]Soknepresten til Bodin hr. Hans Lauritzen Blix har i kyrkje- og husrekneskapet for 1652 i sitt segl ein dobbelt slange på ein stav (ikkje merkurstav) og omskrifta: Johan Laur. Blix samt ein latinsk devise: Prud ... Sum .. ? .. (utydeleg, kanskje: klokskap er det høgste eller liknande). I Saltens kyrkjeregnskap for 1658 og 1661 har han eit segl med ein buktande slange i skjoldet, og på hjelmen ein fugl, bokstavane H.B.L. og det latinske devise som er omtala framføre, devise, her også utydeleg."